Hopp til hovedinnhold

​Sunnfjord er kjent for sine mange imponerande fossar som stuper nedover fjellsidene og skapar spektakulære naturopplevingar.Desse fossefalla er ikkje berre vakre å sjå på, men dei vitnar også om dei sterke naturkreftene som har forma landskapet gjennom tusenvis av år.Å besøke desse fossane gir deg høve til å oppleve Sunnfjords unike natur på nært hald, og kvar foss har sin eigen historie og særeigne karakter.

Huldefossen – eit eventyrleg syn i Sunnfjord

Huldefossen stuper majestetisk ned som eit naturens sceneteppe og er ein av dei mest fotograferte fossane i Fjord Norge. Med eit spektakulært fall på 92 meter og ei kraftfull vassføring, er dette eit imponerande syn året rundt. Det breie, flate vassfallet og dei karakteristiske hyllene langs fossen skapar ei konstant vassrøyk, som gir eit nesten trolsk preg over landskapet. Her kan du kjenne krafta frå naturen på nært hald og oppleve ei av Sunnfjords mest ikoniske naturperler!

Likholefossen – eit mektig møte med naturkreftene

Gaularvassdraget er vilt og kraftfullt, og ved Likholefossen kan du verkeleg kjenne naturkreftene på kroppen. Den imponerande stålbrua som strekkjer seg over fossen, gir deg ei spektakulær utsikt og ei heilt unik oppleving av den brusande vassføringa – spesielt når elva går stor. Her står du midt i fossedampen, omgitt av buldrande vatn som kastar seg nedover fjellsidene.

Frå brua kan du vandre vidare langs Fossestien, ein vakker tursti som følgjer dei verna vassdraga i området. Dette er ein tur der du kjem tett på Sunnfjords storslåtte natur, med fossefall, elver og idylliske landskap rundt kvart einaste hjørne.

Ein person står på berga ved fossen og strekker hendene i været. På andre side av elva ser vi ei gamal mølle. Vidare oppover lia er det furuskog. Foto
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Opplev fleire av Sunnfjords mest spektakulære fossar

Naustdalfossen – laksens kamp mot straumen

Langs Nausta, ei av dei mest ettertrakta elvene i Noreg for sportsfiske etter laks og sjøaure, ligg den imponerande Naustdalfossen. Denne fossen, saman med Hovefossen, utgjer ein del av den 12,4 kilometer lange lakseførande strekninga. Her kan du oppleve den spektakulære synet av laks som hoppar opp fossen på veg til gyteområda sine, medan elva brusar kraftfullt gjennom landskapet.

Osfossen – paradis for sportsfiskarar

Som den siste fossen i Gaularvassdraget før Gaula renn ut i Dalsfjorden, er Osfossen ein sikker stad for å få laks på kroken. Fossen er spesielt populær blant sportsfiskarar, og er ein utmerkt plass for å lære seg kunsten å flugefiske. Her møter du både eventyrlege fiskeopplevingar og storslått natur, medan du ser laksen kjempe seg oppover dei strykande vassmassane.

Styggelifossen – dramatisk og spektakulær

Trass namnet er Styggelifossen alt anna enn stygg – tvert imot er han ein av dei mest kraftfulle fossane i Sunnfjord. Med eit imponerande fall på 115 meter kastar han seg ned i eit dramatisk juv, der du verkeleg kan kjenne dei ville naturkreftene på kroppen. Turen ned til fossen tek om lag to timar i vått og krevjande terreng, der ein del klatring må påreknast.

Vallestadfossen – naturkraft og historie hand i hand

Langs riksveg 13 i Råheimsdalen finn du Vallestadfossen, eit mektig syn med eit fall på 90 meter. Denne fossen har ikkje berre fascinert besøkande med si kraftige vassføring, men har også vore ein viktig ressurs gjennom historia. Tidlegare blei vasskrafta nytta til kverner, sagbruk og kraftproduksjon, og i dag er det framleis eit minikraftverk her. Vallestadfossen er ein av dei mest kjende fossane i Gaularvassdraget og eit perfekt stopp for dei som vil oppleve eit stykke både natur- og kulturhistorie.

Bli inspirert til di reise i FjordKysten og Sunnfjord

FjordKysten og Sunnfjord er fylt med spektakulære opplevingar. Vi trur du også vil like desse