Hopp til hovedinnhold

Besøk Engesundvisningssenter

Hos Engesund Visningssenter kan du lære om moderne lakseoppdrett, smake på fersk laks og oppleve det vakre øyriket i Fitjar på ein spennande ribtur. Båtkafeen serverer deilig mat basert på ferske råvarer frå havet. Du kan reise dit i eigen båt eller møte opp på kaien i Fitjar for ein båttur til oppdrettsanlegget. Senteret tilbyr faste guida turar kvar dag, slik at du får ein lærerik og smakfull oppleving.

Engesund Visningssenter

Opplev vikingtida på Moster

Moster Amfi på Bømlo vert du teken tilbake til vikingtida. Bli med på spennande omsyning og lær om korleis folk levde på den tida, samt om reisa inn i kristendomen. I Amfikafeen kan du nyte ein god matbit og god drikke.

Moster Amfi

Aktivitetsøya Olaskjeret

Er de glade i aktivitetar på sjøen, er ein tur til Olaskjeret eit must. Her kan du oppleva aktivitetar som kajakkpadling, SUP-board padling, RIB-turar ut i havgapet eller bli med på fisketur i skjergarden i Austevoll. Besøk Olaskjeret for ei ekte, maritim oppleving på Vestlandet.

Olaskjeret er perfekt for både eventyrlystne og dei som ønskjer rolege dagar ved sjøen. Utforsk skjergarden og la naturen imponera deg med sitt mangfald og sine skjulte skattar. Denne destinasjonen gir deg minne for livet – du må oppleva det for å tru det!

Olaskjeret -@Visit Sunnhordland -Henriette Lien|© Visit Sunnhordland by Henriette Lien

Bli med inn i gruvene

Klar for ei annleis oppleving? No kan du bli med inn i ei av Noregs mest spennande gruver! På Gruvemuseet på Litlabø på Stord var det gruvedrift frå 1865 til 1968. Her dei utvann dei svovelkis. I dag er det eit levande museum der du kan ta toget inn i gruva og oppleve korleis det var for dei som arbeidde der. I sommar har dei ope frå onsdag til søndag, 3. juli - 11. august.

Gruvemuseet på Litlabø|© Espen Brask Nordfonn

Velkomen inn i naturen

I sentrum av Rosendal ligg Folgefonnsenteret - eit senter for kunnskap og oppleving. Her kan du lære om naturen i Folgefonna nasjonalpark og om klima i endring gjennom interaktive utstillingar og flotte naturfilmar. Kaféen har ope mellom kl 11.00 - 17.30 alle dagar i sommarsesongen.

© Jorunn Larsen

Minidyreparken på Huglo

Myrvold Gård på Huglo er heim til rundt 100 dyr fordelt på ca. 24 forskjellige dyreartar. Som gjest på Myrvold Gård kan du helse på dyra og få nærkontakt med dei du torer. Her er også ein koseleg kafé som serverer nybakte boller, rundstykke og pizza frå vedfyrt steinomn. I tilknyting til kaféen finn du gardsbutikken med eigenproduserte varer.

Klatreglede for heile familien

Via ferrata Ingadalen er ei familievennleg klatrerute hos Åkrafjorden Nature, som ligg heilt innst i Åkrafjorden. Denne klatreruta byr på spektakulær utsikt over Rullestad, Fjæra, Åkrafjorden og den imponerande «Kyrkjeveggen». Heile turen tar om lag 2,5 til 3 timar i roleg tempo, Perfekt for dei som ønskjer ein trygg og spanande naturoppleving.

Er du ein av dei som ynskjer større utfordringar finnes det moglegheiter for det i "Kyrkjeveggen" som er på ca. 900 meter lang.

Åkrafjorden Nature B&B AS|© Åkrafjorden Nature B&B AS

Familiemarknad i Etne

Bli med på Etnemarknaden, ein av dei største familiemarknadene i Vestland! Marknaden kan du besøke i Etne sentrum første helga i august, 2. - 4. august.

På Etnemarknaden finn du aktivitetar for både vaksne og barn. På programmet står strikkhopp utskyting, Bare Moro Klovner, sjonglering, utstillingar, magishow, helikopterturar, aktivitetar frå forskarfabrikken og mykje god mat.

Velkommen til Etnemarknaden for ei helg fylt med morosame og spanande opplevingar for heile familien!

Etnemarknaden|© Etnemarknaden

Hugs: slapp av, du er i Sunnhordland!

Meir inspirasjon til din ferie i Sunnhordland