Hopp til hovedinnhold

1. Værlandet og Bulandet

Opplev Norges vestlegaste bebudde samfunn, øyriket Værlandet og Bulandet, vest for Askvoll. Øyane her er som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer og ein veg på 11 km. Desse øyane er eit populært reisemål for dei som liker sykling, padling, fiske eller fotturar. Det er herleg å dra på øyhopping mellom mylderet av øyer med sykkel frå Værlandet til Bulandet.

2. Fjelltur til Alden - Den norske hest

Ta turen til Alden og gå opp på den Norske hest – fjellet som stig nærmast loddrett opp av havet. 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs er Alden eit av dei mest markante seglingsmerka på Vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar

Lurar du på korleis du kjem deg til Alden?

Les meir om dette i lenka under

3. Kulturvandring i Askvoll

Vandre langs gatene i Askvoll sentrum. Her kan du bli med på ei reise i Anders Askevolds motiv. Løypa te deg med til stader med tilknytning til kunstmålaren sitt liv. Ved å klikke deg inn på kulturvandring.no får du opp løypa med lyd og bilete medan du vandrar. Turen har 10 punkt med historia om Anders Askevolds motiv, og tek om lag ein time.

4. Utforsk Atløy med sykkel

Ta med deg sykkelen og utforsk den sjarmerande øya Atløy. Frå Gjervik kai sykler du 11,6 km på flotte vegar mot Herland. på vegen kan du besøke trekyrkja Vilnes som vart bygd i 1674. Atløy er eit turparadis med mange gode turmoglegheiter. Sykle mot Brurastakken og bestig fjellet som er pynta i stripete skjørt med fargane svart, kvitt og grønt. Fjellet er lett synleg når du kjem sjøvegen og er eit eldorado for geologar på feltarbeid. Det er tilrettelagt ei geologiløype som startar på høgda ca. 2 km frå Herland. Få stader har so rik og mangfaldig geologisk historie som Askvoll-området. På Brurastakken finn du spor etter tre fjellkjedefoldingar, eit resultat av at kontinentplater har kollidert og fjellkjeder har bygd seg opp, før dei har blitt erodert flate igjen. Frå Herland er det og merka løype opp på Brurastakken.

5. Sykle langs lite trafikkerte landevegar og sjarmerande bygder i Askvoll

Sykle gjennom lite trafikkerte landeveg i Askvoll. Frå Stongfjorden til Askvoll syklar du langs med Eidsfjorden gjennom svingete veger og fascinerande fjell.

6. Holmedal - Vikinghistorie og knivfabrikk

I den idylliske bygda Holmedal finn du knivfabrikken Helle knivfabrikk. Fabrikken produserer høg-kvalitet knivar inspirert av fjord og ope hav. Her kan du besøke fabrikkutsalet og gjere eit godt kjøp.

I Rivedal kan du sjå statuen av Ingolf Arnarson, som grunnla den første busetnaden på Island.

I front er det ein stor kvit bygning, det er eit stort fjell i bakgrunnen og fleire små hus rundt. bygda ligg ved fjorden
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

7. Kulturvandringsløype i Stongfjorden

Stongfjorden, bygda som var ein av dei første og viktigaste industristadene i Norge. Her kan du bli med på kulturvandring i Norge si tidlige industrihistorie. Løypa er 1.2 km lang og har ni stopp.

8. Fjelltur til Blåfjell

Nord for Askvoll finn du Blåfjell, 533 moh. Du kan gå frå Askvoll sentrum, eller ved parkeringsplasen på Askvoll Øvre. Dei første 800 meterane er det felles sti med tur til Sandvika. Etter ca. 500 meter passerar ein skoggrensa, og resten av turen opp til toppen går i ope fjellterreng. På toppen kan du nyte fantastisk utsikt.

9. Fjelltur til Blegja - dronninga blant fjella i Sunnfjord

Turen opp det 1305 moh. høge fjellet er kravjande, men naturopplevinga desto større. Frå toppen kan du nyte synet av Sogn og Fjordanes bratte fjellverden frå oven! Du ser den fantastiske vestlandsnaturen med fjord, fjell, isbre, øyar og hav så langt auge rekkjer.

Bli meir inspirert før reisa di