Hopp til hovedinnhold

ANKOMST: Du har kome deg til Filefjellstuene på Filefjell med bil eller buss og kan sjekke inn for ein hyggeleg kveld og ei god natts søvn.

DAG 1: Etter frukost sørger hotellet for transport til Øye, der «Kongevegen Fjellpasset» startar. Herfrå vil du gå delstrekninga Øye-Tyinkrysset på cirka 12 kilometer opp austsida av Filefjell.

Turen følger den autentiske kongeveglina oppover til Støndafjorden, vidare opp vestsida av Begna til Varpebrue. Du passerer Skogstad, ein tradisjonsrik gjestgjevargard og skysstasjon, nemd alt i 1663. Kongevegen går gjennom tett granskog før du møter fjellbjørk og hei. Typisk for kongevegen bølger den opp og ned. Vidare går du langs Fløgstrøndfjorden. Rett før Kølabrune (Kølabrua) er det kraftig stigning før det flatar ut mot Tyinkrysset. Då er du komen 900 m.o.h. og du endar dagen der du starta, ved Filefjellstuene. Turen tek 3,5 til 5 timar. Les meir om delstrekninga Øye-Tyinkrysset her.

DAG 2: Etter frukost startar du ved Filefjellstuene og følger autentisk kongeveg vestover opp mot Kyrkjestølen på delstrekninga Tyinkrysset-Kyrkjestølen. På Kyrkjestølen kan du ta kaffepause med tradisjonell norsk mat og få ein omvisning på stølstunet. Deretter startar du på den berømte delstrekninga over toppen av Filefjell, Kyrkjestølen-Maristova, som tek deg til Kongevegens høgste punkt, cirka 1250 m.o.h. Vegen over Murklopphøgda er spanande med storslått utsyn til tindene i Hurrungane. Du passerer Stiftstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skiljet mellom Akershus og Bjørgvin stift. Her er fin rasteplass. Oppe på fjellet er terrenget lettgått og flatt før stien går bratt ned att mot Maristova på cirka 800 m.o.h. Maristova har ei historie med overnatting og samferdsle sidan første halvdel av 1300-talet. Her skal du overnatte i hytte hjå Maristuen Fjellferie. Bagasjen din er blitt frakta hit. Turen tek 4-6 timar. Les meir om delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova her.

DAG 3: Etter frukost startar du ved Maristova og går ned vestenden av Filefjell, delstrekninga Maristova-Borlaug. Turen går på autentisk kongeveg, natursti, litt asfalt, forbi elv og over bekkar, over fjellvidde og gjennom lun granskog. På vegen passerer du ulikt kulturlandskap, gardar og ruiner etter gamle buplassar. Turen er 7 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 300 meter. Like etter start Maristova kan du ta ein kort omveg om Honingane, eit gamalt stølsområde med bygningar tilbake til mellomalderen. Eit smykke på denne strekninga er Brattebakken bru, ei hengebru bygd etter inspirasjon av kongevegbruene du møter andre stadar på kongevegen. Etterkvart endar du i grenda Borlaug. Turen tek cirka 2 timar pluss eventuell matpause. Her tek du rutebuss tilbake til Filefjellstuene (sjå rutetider under), der bagasjen din er køyrt tilbake og turen «Kongevegen Fjellpasset» sluttar. Les om delstrekninga Maristova-Borlaug her.

I PRISEN FÅR DU: 3 overnattingar i hytte 3 frokoster der du smører lunsjpakke for turen Sengeklær og romvask Transport til startpunktet ved Øye Bagasjetransport Filefjellstuene-Maristova 2. dag og retur 3. dag

EKSTRA TILBOD, IKKJE INKLUDERT I PRISEN: Middag Kveldsmat Buss frå Borlaug til Filefjellstuene siste dag Guiding/historiefortelling

BUSS: Rute 603 (Lærdal-Fagernes) passerer Borlaug klokka 11:47 og er ved Tyinkrysset klokka 12.15. Rute NW 162 (Bergen-Lillehammer) passerer Borlaug kl. 13.01 og er ved Tyinkrysset kl. 13.23 (atterhald om ruteendringar). Alternativ: Solheim Taxi.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Tyin-Filefjell
  • 2985 Tyinkrysset
Telefon:
E-post:
info@visitkongevegen.no
Nettside:
www.visitkongevegen.no/pakketurar/kongevegen-fjellpasset-3-dagar/

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)

Hvor er Kongevegen Fjellpasset - 3 dagar?