Årdal er delt inn i Årdalstangen og Øvre Årdal med omlag 5500 innbyggjarar.
Årdal ligg lengst inne i Sognefjorden og dannar porten til Jotunheimen frå vest. Kommunen grensar i nord og vest til Luster, i aust til Vang (i Oppland fylke) og i sør til Lærdal. Prøv kajakk på fjorden eller ei vandring i rikt landskap.
Her er det storindustri og topp moderne samfunn, velstelte gardsbruk, naust ved fjorden, skogsdrift og fiske i elv og innsjø. Årdal har eit mildt klima og lite nedbør. Tilhøva ligg godt til rette for avstressande rekreasjon og friluftsliv sommar og vinter. Kommunen har godt utbygde idrettsanlegg for trening, turnering og konkurranse.
Vakre fossefall ved Sognefjorden
Kraft, energi og rå skjønnheit. Fleire stader ved Sognefjorden kan du oppleve majestetiske fossar som kastar seg utfor steile fjellsider.