Hopp til hovedinnhold
Bestill

Dagen startar frå Rosendal (korresponderer med Hardangerfjordekspressen frå Bergen), og Epos går i roleg fart innover fjorden. På ferda får du moglegheit til å ta inn omgjevnadane og sidan dette er eit litteraturcruise, får ein moglegheita til å sjå heimbygda til nobelprisvinnar Jon Fosse frå sjøen.

Undervegs kan du nyte lokal mat og drikke om bord, og besøke bokhandelen på båten. Båten legg til kai i Norheimsund og Øystese, der du kan gå i land og utforske aktivitetane som ventar.

Når ein kjem tilbake til Rosendal er moglegheitene mange. Her kan ein gå ein fjelltur frå fjord til fjell, besøke Baroniet Rosendal, lære om opprinninga til HardangerfjordenFolgefonnsenteret. Det finnes fleire overnattings moglegheiter i Rosendal, kanskje ei natt på sjølvaste Avlsgården til Baroniet Rosendal.

Onsdagar:

Kvar onsdag stoppar Epos også i Strandebarm på veg inn og ut fjorden. Strandebarm er heimbygda til Jon Fosse, som vart tildelt Nobels litteraturpris i 2023. Her legg båten til i Strandebarm Marina, der ein finn badestrand og kafe, rett i nærleiken finn ein idrettsanlegg og turmoglegheiter. 2 km lenger inne i bygda finn ein Fosse, der Jon Fosse vaks opp. Her ligg også Fosse-huset, med utstillingar og ein liten Fosse-butikk.

Tider

Sommarsesong

Ukedager:
10:45–19:00
Lørdag:
Stengt
Søndag:
Stengt

Kontakt

Adresse:
  • Strandebarmsvegen 578
  • 5630
Telefon:
+47 95 96 78 81
E-post:
post@litteraturbaten.no
Nettside:
www.litteraturcruise.no

Fasiliteter

Med guide:
Kafé:
Toalett:
Barnevennlig:
WIFI/Internett:

Hvor er Litteraturcruise med Litteraturbåten Epos