Turen startar ved Refviksanden, ein av Norges finaste sandstrender. Padle på krystallklart hav, langs imponerande klippeformasjonar med utsikt rett ut i Stadhavet. Etter omtrent ein times padling går de i land på ei lita avsidesliggjande sandstrand nordvest for Refvik. Det blir tid til å spise nistepakke, ta eit forfriskande bad og berre nyte omgivelsane før retur til Refvik.
Turen blir leia av ein erfaren lokal guide som kjenner området og som vil dele fascinerande historier, lokal innsikt og kulturelle aspekt undervegs. Før avreise vil guiden lære deg teknikkar og tryggingsrutinar, og sørge for at opplevinga di er både trygg og rik på opplevingar.
Gled deg til ei minneverdig oppleving!
Informasjon om turen
- Varighet: 3-4 timar
- Pris: Frå kr.990,- per person.
- Inkludert: Leige av kajakk, padleåre, spruttrekk og redningsvest.
- Antall: 6-8 personar
- Sesong: April - Oktober
Med Sjøbris Adventure er det mogeleg å utforske vatnet med både tandemkajakk og enkle havkajakkar.
Turen passar både for vaksne og barn, og det er ingen krav om tidlegare erfaring med kajakkpadling.
Bestilling
For nærare informasjon og bestilling ta kontakt med Sjøbris Adventure på tlf.: +47 952 44 993 eller på e-post: post@sjobrisadventure.no.