Hopp til hovedinnhold

Sjøbris Adventure skapar meiningsfulle og transformative opplevingar gjennom leik, utfordring og tilstadeverelse i naturen. Deira aktivitetar fokuserer på friluftsliv, tradisjonar, sporlaus ferdsel og mangfald i naturen – og bidreg til læring, meistring, auka livskvalitet, og omsorg for både menneske og natur.

Djupt inspirert av universelle prinsipp, og lokale fenomen som nærleiken til havet, det varierte kystlandskapet, dei kontrastfylte værelementa og vår rike kulturarv, vegleiar vi enkeltpersonar og bedrifter. Dei legg til rette for ein djupare forståing av og respekt for vår unike arv, og bidrar til å fremme endringar for ei betre framtid.

Aktivitetar

Sjøbris Adventure tilbyr eit utval av eventyrlege produkt og tenester:

  • Padling: Flyt over bølgjene og utforsk kystlinja i robuste havkajakkar, ei oppleving som gir både spenning og ro.
  • Coasteering: Dykk inn i det ukjende med eit coasteering-eventyr, som kombinerer svømming, klatring og utforsking langs vår vakre kyst.
  • Fjelltur og Vandring: Opplev Vestlandet sin majestetiske natur gjennom guida fjellturar og vandringar, der kvart steg er ei reise inn i naturen sitt hjarte.
  • Sauna: Gjenopprett balansen og nyt ein stund med avslapping i Flyt Sauna, plassert idyllisk ved kysten.
  • Yoga: Forankre deg i augneblinken med yogaoopplevingar som kombinerer pusteøvingar og rørsler, skapte for å harmonisere kropp og sinn.
  • Arrangement, Kurs og Workshopar: Utforsk våre skreddarsydde arrangement, kurs og workshopar som gir djupare innsikt i naturen, kulturen og personleg utvikling.
  • Personleg Rettleiing: Ta opplevinga di til nye høgder med personleg rettleiing, tilpassa for å møte dine individuelle behov og mål.

Enten du søkjer adrenalinkick, indre ro, eller kunnskapsrike opplevingar, har dei det perfekte eventyret for deg. Velkommen til Sjøbris Adventure - der kvart augneblink er ei invitasjon til å utforske, oppdage og koble saman.

Tryggleik og berekraft

Sjøbris Adventure kombinerer spenninga frå utandørsaktivitetar med ei forplikting til omsorg for heilskapen. Dei rettleiande prinsippa handlar om å verne om naturen samtidig som ein tek vare på gjestane sin tryggleik og trivsel.

Før aktiviteten startar, vil det bli gjennomført ein grundig gjennomgang av sikkerhetsprosedyrar. Dette inkluderer viktig informasjon om bruk av utstyr, handtering av eventuelle farer, og tydelege retningslinjer for trygg deltaking.

Deltakarar må signere ein ansvarserklæring før dei deltek i aktivitetane.

Deltakarar forventast å kle seg etter værforholda og type aktivitet. Sjøbris Adventure forbeheld seg retten til å avvise deltakarar som opptrer uansvarleg og er utilstrekkeleg utrusta. Dette kan bli gjort utan nokon form for refusjon.

Vêrforholda kan endre seg raskt, og Sjøbris Adventure forbeheld seg retten til å tilpasse eller avlyse aktivitetar ved behov. Dette kan inkludere endringar i rute eller fullstendig avlysing av aktiviteten.

Desse prinsippa blir implementert for å prioritere tryggleiken til alle deltakarar og sikre at alla har ei god og minnerik oppleving.

Kontakt

Adresse:
  • Gate 6 79
  • 6700 Måløy
Telefon:
+47 95 24 49 93
E-post:
post@sjobrisadventure.no
Nettside:
www.sjobrisadventure.no
Bestill:
booking.sjobrisadventure.no/

Følg oss:

  • Facebook

    Sjøbris Adventure

  • Instagram

    Sjøbris Adventure