Hopp til hovedinnhold
Bestill

På Vingarden på Jølst er Vestavin-gründer Camilla Aasen i full gang med å skape vestlandske råvarer om til moderne fruktvinar, og eit nedlagt småbruk om til ein unik fruktvingard.

Gjennom heile året er det ope for gruppebestillingar på Vingarden på Jølst. Om det er venninnegjengen, utdrikningslaget, teamet, seminar, sommaravslutning eller julebord med jobben eller jubilanten og dei fjerne slektningane, tek vingarden dykk imot og viser fram ein fruktvingard under oppbygging og gjev dykk ein smak av alt som er mogleg å få til med vestlandske råvarer.

Omvising med smaking

Ei standard omvising med smaking varer som oftast i 1,5 time og inkluderer fire smakeprøvar av fruktvinar med små smakebitar til. Det blir også mogleg å handle i utsalet.

I den lune stova på Vingarden er det plass til maks 25 personar. I Bestestova på andre sida av gangen, er det plass til 14. I sommarsesongen kan den verneverdige, uisolerte skotløa på garden takast i bruk. Der er det god plass til grupper frå 30 til ca 80 med bord og stolar.

Tillegg og tilpassingar

Vingarden på Jølst kan tilpasse opplevinga alt etter kva som passar dykkar gruppe best. Vingarden kan korte ned eller utvide omvising og smaking eller tilpasse med andre tilbod og produkt, alt etter kva som passar dykk.

Vingarden på Jølster kan tilby

  • Måltid
  • Møterom og møtemat
  • Gardsopphald med enkel overnatting (opp til 12 personar)
  • Vingarden samarbeider også gjerne med andre lokale aktørar både innan mat og underhaldning. Om de har spesifikke ønske eller behov, så ser vi korleis vi kan løyse det.

Ta kontakt!

Pris

Opp til 12 personar gjeld minstepris på 5500 kroner for ei standard omvising med vinsmaking, og 490 kr/pers for grupper på 13-25 personar. Er de fleire eller ønsker å gjere eigne tilpassingar i opplevinga, finn Vingarden på Jølst ein god pris for dykk alle.

Vingarden på Jølst

Se alle tilbudene til Vingarden på Jølst

Priser

Frå pris:
NOK 5 500

Kontakt

Adresse:
  • Jøls
  • 6847
Telefon:
+47 47 28 80 04
E-post:
post@vestavin.no
Nettside:
www.vestavin.no

Fasiliteter

Med guide:
Barnevennlig:
Toalett:
Parkering:

Hvor er Privat oppleving på Vingarden på Jølst