Hopp til hovedinnhold

Kva meir er mogleg å få til med alle råvarene og ressursane som veks og trivst akkurat her? Kva er fruktvin, og kva meir kan det bli? Desse er spørsmåla som fekk gründer Camilla Aasen til å starte utforskinga som no er Vestavin AS, og som har ført til at Vingarden på Jølst no eksisterer.

På Vingarden på Jølst er Vestavin i full gang med å skape vestlandske råvarer om til unike fruktvinar i moderne vinstilar, og eit nedlagt småbruk om til ein vestnorsk fruktvingard i særklasse.

Gardsutsal gjennom året

Gjennom året er gardsutsalet ope torsdagar kl 16-18, og stadig dukkar det opp eitt og anna arrangement, som konsert, pop-up restaurant, vinslepp eller juleopen vingard. I sommarsesongen er det open vingard fleire dagar i veka, med ope utsal, lett servering og omvisingar med smaking til fastsette tider.

Privat oppleving på Vingarden på Jølst

For grupper er det alltid mogleg å bestille ei privat oppleving på Vingarden på Jølst. Slike opplevingar kan tilretteleggast kvar enkelt gruppe og kan inkludere omvising med vinsmaking, måltid, underhaldning, møtefasilitetar og enkel overnatting på huset. Samstundes går ferda frå eit nedlagt småbruk med hol i dei fleste tak til ein unik fruktvingard som nyttar og løftar fram lokale verdiar og kvalitetar sakte framover. Og utsikta, den er berre uslåeleg!

Opningstider Heile året

Ope utsal torsdag kl 16-18

Juli og august 2025: Open vingard med utsal og lett servering onsdag, torsdag, fredag og laurdag kl 13-17

Omvising med smaking kl 14

Kontakt

Adresse:
  • Jølstravegen 2380
  • 6843
Telefon:
+47 47 28 80 04
E-post:
post@vestavin.no
Nettside:
www.vestavin.no/
Bestill:
www.vestavin.no/booking/

#vingardenpåjolst

Følg Vingarden på Jølst på Sosiale Media

  • Facebook

    Vingarden på Jølst på Facebook

  • Instagram

    Vingarden på Jølst på Instagram