Hopp til hovedinnhold

Du kan velgje mellom to ruter (same lengd).

Via Lomstjørna

Start frå gravstedet i Breidalen. Her kan ein gå på ein lett tilgjengeleg grusveg og gruslagt sti med barnevogn, men ver obs på enkelte bratte parti. Det vert ikkje strødd eller brøyta til turmålet om vinteren, så ein er sjølv ansvarleg for å vurdere føret, og om turen let seg gjennomføre.

Frå Møteplassen/gravstedet ved Breidalen går ein ca 300 meter bort til ein grusveg merka med Stikk UT! skilt. Hald til venstre og følg vegen opp til "fjellkanten" Breidalsaksla, og følg den flotte gruslagte stien heilt opp til Lomstjørna. Ved turmålet er det eit vatn og ein sitjebenk. Om føret tillet det kan du gå stien heilt opp til Harøyburet.

Det er ikkje opparbeida parkeringsplass ved turmålet. Vi ber folk om å ta omsyn- gå eller sykle gjerne til startpunktet for turen. Det er mogleg for 5-6 bilar å parkere sør for Møteplassen, den grusa delen som ikkje er asfaltert. Parker på ein slik måte at du ikkje hindrar trafikken på staden.

Frå Hyrvedalen

Frå parkeringsplassen følgjer ein stien som går opp forbi bommen. Frå Hyrvedalen går dei første 50 meter bratt opp før stigninga roar seg, og ein får ei flott utsikt. Ein følgjer ein tydelieg sti oppover langsmed skråninga. Der stien delar seg held ein mot venstre for å gå den raskaste vegen opp.
På toppen vil ein lett finne turpostkasse og registreringsbok frå Harøy idrettslag.

Parkering: Frå skiltet ved hovedvegen køyrer ein opp traktorvegen forbi Hagen og parkerar i enden av vegen.

Kontakt

Adresse:
  • 6487 Harøy
Telefon:
+47 70 30 98 00
E-post:
info@visitalesund.com
Nettside:
morotur.no/tur/Haroeyburet

Fasiliteter

Total stigning:
  • 129m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Avstand:
  • 4.3km
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Grus
  • Sti
Terreng:
  • Skogsområde

Hvor er Tur til Harøyburet?