Hyllestad ligg ytst på nordsida av Sognefjorden og er omringa av vakker natur. Kjennemerket for Hyllestad har den siste tida varte kjent for kvernsteinsproduksjon, ein industri som var i drift i nesten 1000 år. No kan du reise tilbake i tid og oppleve Kvernsteinsparken - eit utandørs museum i dei største steinbrota frå Vikingtida og mellomalderen i Skandinavia
Majestetiske Lihesten
Spektakulære Lihesten er eit berømt landemerke på kysten og er mest sannsynleg ein av dei mest fotograferte fjella i vår region. Fjellet har mange forskjellige stiar og du kan bruke fleire dagar på å utforske.
Fiske og båtliv
Viss du likar å fiske har du kome til rett stad. Her kan du fiske frå typiske kystområde til meir skjerma dalføre og lyngheiar, og eit mangfald i geologi og plantedekke. Hyllestad er eit eldorado for fiskeentusiastar frå heile verda. Du kan velje om du ønskjer å vere med på ein guida fisketur, eller leige båt og reise på eiga hand.