Hopp til hovedinnhold
Bestill

Hos Indrefjord Gard kan du bli betre kjend med dyr, og garden som ligg vakkert til i Hyllestad. Bli med inn i fjøsen og mat dyra, kos med kaninene, hestane og ponniane. Om du tørr kan du også sitte på hesteryggen.

Ta med hestane og vass i fjæra, nyt medbrakt mat rundt båtpanna og nytt dagen i din og barna sitt tempo. Besøket kan kombineres med andre aktivitetstilbod, sjå meir nederst på sida.

Detaljert informasjon om gardsbesøket

Vanskegrad: lågterskel tilbod

Pax: Inntil 15. personar

Pris: frå 150,- per person, minstepris 600,-. Born under 6 år er gratis

For grupper

Ta kontakt om du ynskjer eit skreddarsydd program for di gruppe! Her er nokre forslag:

  • Velkomst med informasjon om drifta, helse på dyra og eventuell omvising i fjøset
  • Rideøkt med aktivitetar på bane, tur i kulturlandskap rundt garden og vassing i fjæra
  • Sosial samling rundt bålpanna, enkel servering eller catering frå lokale aktørar
  • Rullering på aktivitetar som riding, vognkøyring og kosetid med smådyra
  • Kombinasjon av alle aktivitetar som Indrefjord Gard tilbyr

Korleis komme seg til Indrefjord Gard

Henteteneste med hest

Kjem du med hurtigbåt tilbyr me henteteneste med hesteskyss eller ridehestar på Rysjedalsvika Kai. Her kjem du deg med hurtigbåtrutene Bergen-Selje og Bergen-Sogn.

Meir info om båtrutene frå Bergen

https://www.fjordnorway.com/no/reiseinspirasjon/ekspressbat--lokale-batruter

Reise med bil

Frå Bergen køyrer du nordover og tar enten ferje til Lavik eller Rysjedalsvika.

Frå Rysjedalsvika Ferjekai er det 5 minutt køyring til Indrefjord Gard.

Frå Lavik Ferjekai er det 35 minutt køyring til Indrefjord Gard

Frå Førde er det 1 time og 30 minutt køyring sørover på E39, før du tar av hovudvegen ved Lavik Ferjekai og køyr videre vestover på 607. Alternativ rute via Dale på 57.

Overnatting i området

Du finn overnattingsstader i Hyllestad her

Om Indrefjord Gard

Indrefjord Gard er ein familiedriven gard idyllisk plassert lengst aust i Lifjorden, med utsikt til majestetiske Lihesten. Ole og Ina Sognnes eig og driv Indrefjord gard. Ole er odelsgut og overtok drifta i 2012, medan Ina gjorde hest til ein viktig del av tilbodet på garden. Her finn du hest, ponni, kanin, gardkatt og mjølkekyr, samt hunden Mira.

Indrefjord Gard har tradisjonell mjølk- og kjøtproduksjon i ein moderne driftsbygning med lausdrift og mjølkerobot, og var den fyrste lausdriftsfjøsen i Hyllestad med mjølkerobot. Aktivitetane omfattar også Bygdeservice og Hest i næring. Ny driftsbygning med stall og fasilitetar for besøkande inneheld garderobe, toalett og opphaldsrom med kjøkkenkrok tilrettelagt for rørslehemma.

Godkjent Inn på Tunet gard og godkjent hesteverksemd.

Kontakt

Adresse:
  • Indrefjordvegen 301
  • 6953
Telefon:
959 43 735
E-post:
post@indrefjordgard.no
Nettside:
norskegarder.no/indrefjord-gard/innlegg/hesteaktivitetar-og-rideturar#contact

Fasiliteter

Barnevennlig:

Hvor er Gardsbesøk hos Indrefjord Gard?