Hopp til hovedinnhold
Bestill

Indrefjord Gard tilbyr guida rideturar for ryttarar med ulik erfaringsnivå. Turen startar roleg på bana og rundt garden slik at du og hesten skal bli betre kjend, før den forsetter ut i skogsterreng eller ned i fjæra. Turen vert skreddarsydd slik du ønskjer, og kan mellom anna inkludere matlaging i naturen, eller eit måltid ved bålpanna på tunet.

Kor ligg Indrefjord Gard?

Indrefjord Gard er lokalisert i Hyllestad, på kysten av Vestland, om lag 3 timer frå Bergen.

Kor lenge varer turen?

Lengda på turen kan variere, og her vil ein skreddarsy alt etter kva du ønskjer. Turen kan vare alt mellom 2 til 6 timar.

Kor mange kan vi vere på tur?

Indrefjord Gard tilbyr rideturar inntil 6 personar med maks 4 ryttarar.

Kva koster rideturen?

Det koster 800,- per hest per time. For ein 2 timars tur koster det 1200,- per person. Ønskjer du gruppepris kan du sende ei henvending til Indrefjord Gard.

Korleis komme seg til Indrefjord Gard

Henteteneste med hest

Kjem du med hurtigbåt tilbyr me henteteneste med hesteskyss eller ridehestar på Rysjedalsvika Kai. Her kjem du deg med hurtigbåtrutene Bergen-Selje og Bergen-Sogn.

Meir info om båtrutene frå Bergen

https://www.fjordnorway.com/no/reiseinspirasjon/ekspressbat--lokale-batruter

Reise med bil

Frå Bergen køyrer du nordover og tar enten ferje til Lavik eller Rysjedalsvika.

Frå Rysjedalsvika Ferjekai er det 5 minutt køyring til Indrefjord Gard.

Frå Lavik Ferjekai er det 35 minutt køyring til Indrefjord Gard

Frå Førde er det 1 time og 30 minutt køyring sørover på E39, før du tar av hovudvegen ved Lavik Ferjekai og køyr videre vestover på 607. Alternativ rute via Dale på 57.

Overnatting i området

Du finn overnattingsstader i Hyllestad her

Om Indrefjord Gard

Indrefjord Gard er ein familiedriven gard idyllisk plassert lengst aust i Lifjorden, med utsikt til majestetiske Lihesten. Ole og Ina Sognnes eig og driv Indrefjord gard. Ole er odelsgut og overtok drifta i 2012, medan Ina gjorde hest til ein viktig del av tilbodet på garden. Her finn du hest, ponni, kanin, gardkatt og mjølkekyr, samt hunden Mira.

Indrefjord Gard har tradisjonell mjølk- og kjøtproduksjon i ein moderne driftsbygning med lausdrift og mjølkerobot, og var den fyrste lausdriftsfjøsen i Hyllestad med mjølkerobot. Aktivitetane omfattar også Bygdeservice og Hest i næring. Ny driftsbygning med stall og fasilitetar for besøkande inneheld garderobe, toalett og opphaldsrom med kjøkkenkrok tilrettelagt for rørslehemma.

Godkjent Inn på Tunet gard og godkjent hesteverksemd.

Kontakt

Adresse:
  • Indrefjordvegen 301
  • 6953 Hyllestad
Telefon:
959 43 735
E-post:
post@indrefjordgard.no
Nettside:
norskegarder.no/indrefjord-gard/innlegg/hesteaktivitetar-og-rideturar

Fasiliteter

Barnevennlig:

Hvor er Guida rideturar med Indrefjord Gard?