Hopp til hovedinnhold
Bestill

Mange drøymer seg bort i tv-seriar som Yellowstone – kjensla av fridom, vinden i håret, og ein verd der du kan leve ut cowboydraumen. Hos Indrefjord Gard kan du ta steget ut av fantasien og inn i røynda: ri gjennom opne landskap, samle kveg frå hesteryggen, og kjenn på den ekte cowboykjensla. Med den gyldne solnedgangen som bakteppe får du oppleve ein dag som verkeleg tek deg bort frå kvardagen. Bli med Indrefjord Gard, og lev draumen som cowboy – fri, modig, og i eitt med naturen.

Ville Western

I beitesesongen nyttar Indrefjord Gard hestane aktivt i kvardagen med gjeting, tilsyn og flytting av beitedyr. Her kan du oppleve rauting, hyggelege hestar og meistring frå hesteryggen.

Turen startar ved garden der ein forbereder og gjer seg kjend med hesten før du gjeter mjølkekyr ut til beite på formiddagen. Etter nokre timar startar rideturen i krevjande terreng for å finne att flokken på utmarksbeite. Det er regelmessig rullering og sanking av delar av flokken grunna kalvingsdato gjennom heile sommarhalvåret. Turen vert avslutta rundt bålet for dei som ønskjer det.

Kven passar denne turen for?

Turen passar for dei erfarne ryttarane. Ønskjer du å få meir kunnskap og erfaring frå riding kan du ta ridetimar hos Indrefjord Gard.

Korleis komme seg til Indrefjord Gard

Henteteneste med hest

Kjem du med hurtigbåt tilbyr me henteteneste med hesteskyss eller ridehestar på Rysjedalsvika Kai. Her kjem du deg med hurtigbåtrutene Bergen-Selje og Bergen-Sogn.

Meir info om båtrutene frå Bergen

https://www.fjordnorway.com/no/reiseinspirasjon/ekspressbat--lokale-batruter

Reise med bil

Frå Bergen køyrer du nordover og tar enten ferje til Lavik eller Rysjedalsvika.

Frå Rysjedalsvika Ferjekai er det 5 minutt køyring til Indrefjord Gard.

Frå Lavik Ferjekai er det 35 minutt køyring til Indrefjord Gard

Frå Førde er det 1 time og 30 minutt køyring sørover på E39, før du tar av hovudvegen ved Lavik Ferjekai og køyr videre vestover på 607. Alternativ rute via Dale på 57.

Overnatting i området

Du finn overnattingsstader i Hyllestad her

Kontakt

Adresse:
  • Indrefjordvegen 301
  • 6953
Telefon:
959 43 735
E-post:
post@indrefjordgard.no
Nettside:
norskegarder.no/indrefjord-gard/innlegg/hesteaktivitetar-og-rideturar#contact

Fasiliteter

Barnevennlig:
Guiding tilgjengelig:

Hvor er Ville Western med Indrefjord Gard?