Indrefjord gard tilbyr ridetimar med fokus på meistring, rideglede og utvikling. Dette passar for nybegynnarar til litt meir erfarne ryttarar. Ei vanleg økt omfattar børsting og klargjering av hesten, undervisning og avsluttar når hesten er tilbake i flokken
Detaljert informasjon om ridetimen
Vanskegrad: nybegynnar
Tid: 1 time
Pax: 1-2 personar
Pris: 800,-
Korleis komme seg til Indrefjord Gard
Henteteneste med hest
Kjem du med hurtigbåt tilbyr me henteteneste med hesteskyss eller ridehestar på Rysjedalsvika Kai. Her kjem du deg med hurtigbåtrutene Bergen-Selje og Bergen-Sogn.
Meir info om båtrutene frå Bergen
https://www.fjordnorway.com/no/reiseinspirasjon/ekspressbat--lokale-batruter
Reise med bil
Frå Bergen køyrer du nordover og tar enten ferje til Lavik eller Rysjedalsvika.
Frå Rysjedalsvika Ferjekai er det 5 minutt køyring til Indrefjord Gard.
Frå Lavik Ferjekai er det 35 minutt køyring til Indrefjord Gard
Frå Førde er det 1 time og 30 minutt køyring sørover på E39, før du tar av hovudvegen ved Lavik Ferjekai og køyr videre vestover på 607. Alternativ rute via Dale på 57.
Overnatting i området
Du finn overnattingsstader i Hyllestad her