Sogndal er "hovudstaden" i Sognefjorden med rett over 8000 innbyggjarar. Om sommaren er Sogndal vertskommune for turistar frå alle verdshjørne som let seg fascinere av kontrastane området har å by på: knallblå fjord, kritkvite fjell, saftiggrøne marker, og gullgule markblomster under rosakledde frukttre.
I sentrum av Sogndal, som er også kalla Fjøra, finn du små idylliske kafear som servera deilig lokal mat. Nær sentrum kan du også ta turen på Fjordstien, der kan du rusle i ditt eige tempo med nydeleg utsikt over Sogndalsfjorden.