Hopp til hovedinnhold

Våren er endeleg her – ei tid for ny vekst, lysare dagar og ein ny energi som vekker sansane til liv. Etter vinterens ro saknar vi solstrålar som varmar, frisk luft fylt med dufta av spirande blomar og lyden av fuglekvitter som syng om ei ny årstid.

Langs Fjordkysten og i Sunnfjord vaknar naturen til liv – elvene brusar kraftigare, fossefalla kastar seg majestetisk ned fjellsidene, og kysten glitrar under dei første vårsolnedgangane. Her kan du sovne til lyden av bølgene som dansar mot svaberga, elva som sildrar forbi, og fuglane som helsar morgonen velkomen.

Finn roen og la deg omslutte av mektige naturopplevingar, sjarmerande overnattingstader og eit landskap som vil ta pusten frå deg – ein vår du vil hugse lenge

Padle i "Norges Venezia" – eit eventyr mellom øyar og fjordar

Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i eit spektakulært kystlandskap, byr FjordKysten og Sunnfjord på nokre av dei aller beste padleopplevingane i Norge! Her kan du gli stille gjennom det krystallklare vatnet, oppdage bortgøymde viker, kvite strender og frodige øyparadis.

Utforsk "Norges Venezia" – øyriket ytterst i vest

Lenger vest i Noreg kjem du ikkje enn til øyane i Solund, Bulandet og Værlandet – ofte kalla "Norges Venezia". Eit mylder av øyar, holmar og skjer skapar ein unik labyrint av smale sund og opne havstrekningar, perfekt for padling. Her kan du oppleve storslått natur og kystkultur frå kajakken, medan havørna svevar majestetisk over deg.

Dronebilde av øyane i Bulandet og Værlandet. Lengst unna ser vi Alden. Foto
© Vegard Vike Engum

Padling mellom kvite strender og stupbratte fjell

I Måløy ventar ei heilt spesiell padleoppleving – her kan du gli langs krittkvite strender og dramatiske fjellsider som stuper rett i havet. Utforsk gamle handelsstader, nyt stilla, og sjå etter spekkhoggarar, niser og sel som av og til besøker området.

Guida tur til Kjøsnesfjorden – padling mellom ville fjell og isbrear

For ei magisk fjordoppleving kan du bli med Kvåleskajakk på guida padletur på Kjøsnesfjorden – omgitt av stupbratte fjell og isbrear som speglar seg i det djupe fjordvatnet. Har du ikkje våttkort? Ingen problem! Du kan ta eit introkurs eller grunnkurs og lære det du treng for å legge ut på eigne padleeventyr.

fem personar padlar kajakk på Kjøsnesfjorden. Innover fjorden ser vi dei høge fjella. Foto
© Lillian Herland

Fleirdagsturar med Norway Adventures – Skreddarsydde eventyr i norsk natur

Drøymer du om ein fleirdagstur med familie, vennegjengen eller kollegaene dine? Norway Adventures sørger for ei uforgløymeleg oppleving der alt blir tilrettelagt for deg.

Du kan velje mellom turar med faste avreisedatoar eller få ein heilt skreddarsydd tur, der både rute, aktivitetar og overnatting blir tilpassa dine ønskjer. Har du ein spesiell dato i tankane? Ei spesiell oppleving du vil ha med? Norway Adventures skreddarsyr turen slik at han blir akkurat slik du drøymer om – med natur, eventyr og komfort i perfekt balanse.

Utforsk majestetiske fjordar, padle på speglblankt vatn, eller gå på topptur med spektakulær utsikt – eventyret startar her!

FjordKysten og Sunnfjord – eit paradis for sports- og hobbyfiskarar

For deg som elskar fiske, er FjordKysten og Sunnfjord eit sant eldorado. Her kan du kaste snøret både i havet, elva og innsjøen – med stor sjanse for å få napp! Fiske har i generasjonar vore ein livsnerve for øysamfunna langs kysten, og framleis finn du tradisjonelle fiskevær og øyar der fisket er ein viktig del av kvardagen. I dette naturskjønne området ventar hytter, rorbuer og sjøhus spesielt tilrettelagt for ei uforgløymeleg fiskeferie.

Fiske for alle – frå fjord til fjell

I sjøen kan du fiske fritt med stang og handsnøre, og her lurar dei fleste av Noregs vanlege saltvassfiskar. Ønskjer du ferskvassfiske, har du flust av moglegheiter: innan ein times køyretur frå Førde finn du hundrevis av idylliske fiskevatn og ei rekkje elver, inkludert dei kjende lakseelvene Nausta og Gaula.

Ein mann drar garn frå ein oransje liten båt. Kona sit framme i båten og ventar spent på om det skal komme fisk. Foto
© Lillian Herland

Jølstravatnet – eit av Europas beste aurevatn

Jølstravatnet er kjent som eitt av dei beste aurevatna i Noreg, og her kan du fiske med stang heile året. Er du ute etter bitevillig aure, er dette staden å vere! Hugs at du treng fiskekort for fiske i elv og vatn, og desse får du kjøpt hos turistvertar, butikkar og bensinstasjonar i området.

På land kan du boltre deg i mektig og urørt natur

Når vårsola varmar, himmelen er skyfri og lufta er frisk og klar, er det ingenting som lokkar meir enn å kome seg ut i naturen. FjordKysten og Sunnfjord byr på eit eldorado av turmoglegheiter – frå spektakulære toppturar til enkle vandringar i lett terreng.

Her kan du nyte utsikta over eit mylder av øyar, dramatiske fjell, mektige brear og langstrakte fjordar. Merka stiar gjer det enkelt å finne fram, uansett om du vil utfordre deg sjølv i bratte fjellsider eller gå rolege turar gjennom frodige dalar.

Ein person står på toppen av Heileberget og ser innover Dalsfjorden. Nede til høgre ser vi Dalsfjordbrua og litt av Dale. Foto.

Eit utval av fjellturar som sikrar deg storslått utsikt og instagramvenlege blinkskot:

Ta med deg sykkelen på øyhopping

Det er ingen hemmelegheit at våren kjem tidlegare til kysten enn til innlandet – og med den kjem dei beste sykkelopplevingane! Når dagane blir lengre og naturen vaknar til liv, ventar milevis med lite trafikkerte vegar som slyngjer seg gjennom eit mylder av øyar, holmar og skjer.

På sykkeltur langs kysten kan du la deg begeistre av den friske havbrisen, det opne landskapet og dei små, sjarmerande øysamfunna. Ferjer og båtar fraktar deg mellom øyane og gjer sjølve reisa til ein opplevelse i seg sjølv.

For deg som vil sykle på fastlandet, byr regionen på eit nettverk av flotte sykkelruter der du kan kombinere naturopplevingar med spanande kultur og lokalhistorie. Uansett om du vil ha ein roleg sykkeltur eller ein meir utfordrande rute, finn du ditt perfekte sykkeleventyr her!

to personer står på brua og ser utover havet. jenta peiker
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Vårflommen – når fossane i Sunnfjord viser si villaste side

Når våren kjem til Sunnfjord, vaknar naturen til liv – og fossane er på sitt mest spektakulære! Temperaturen stig, og smeltevatnet frå vinterens snømassar forvandlar elver til brusande kaskadar av vatn.

Vi ser Huldefossen. På sletta framfor fossen ligg eit gamalt stølshus i grått tre og gras på taket. Vatnet ligg så blankt at alt speglar seg der. Mellom stølshuset og fossen er det granskog. Foto
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Sunnfjord er kjent som "fosselandet", og her finn du nokre av dei mest ville, vakre og majestetiske fossane i landet. Omgitt av rå, urørt natur kan du kjenne naturkreftene på nært hald – lyden av buldrande vatn, den forfriskande fossedampen og den mektige energien som strøymer gjennom landskapet.

Våren er den beste tida for å oppleve desse naturfenomena i full kraft – eit spektakulært syn du ikkje vil gå glipp av!

Vårens livspuls i havet

Når vinteren slepp taket, startar eit fascinerande skodespel under havoverflata. Planteplankton – havets gras – byrjar sin vårlege oppblomstring, og gir næring til eit yrande liv i fjordane og langs kysten. Desse mikroskopiske algane dannar grunnlaget for alt anna marint liv og spelar ei avgjerande rolle i det store økosystemet.

Men vårfornyinga skjer ikkje berre på havoverflata. Dykker du djupt nok, vil du oppdage ein undersjøisk skog i vekst – frodig tare som strekkjer seg mot lyset, medan nye spirande blad kjem til liv.

FjordKysten og Sunnfjord byr på spektakulære dykkeforhold med ein imponerande artsrikdom, variert dykketerreng og historiske skipsvrak som ventar på å bli utforska. Her finn dykkarar frå heile verda eit eventyr under vatn – eit unikt innblikk i den livgivande våren under havoverflata.

Skap gode minner for heile familien

Om våren er det flott å bruke naturen og oppdage gleda i aktivitetar som det å gå tur i lag, fiske, eller ta ein tur på stranda for eit forfriskande vårbad. Gardsbesøk med lokale dyr er alltid kjekt for store og små. Kva med å besøke Indrefjord Gard i Hyllestad, eller Norsk Hjortesenter på Svanøy der du kjem tett på dyra?

Heile familien storkosar seg på hytteferie. God plass og rolege dagar med turar til fots eller på sjøen i nærområda er balsam for sjela for liten og stor.

Spor av ansvar og respekt

Som gjest er det viktig å respektere naturen, kulturen og lokalsamfunna du besøker. Ved å følge retningslinjene, kan du vere med på å ta vare på reisemålet vårt og bidra til ei positiv reiseoppleving for deg sjølv og andre.

Vi oppmodar deg til å ta del i denne ferda mot ei meir berekraftig framtid. Saman kan vi sikre at våre reisemål forblir vakre og attraktive for framtidige generasjonar.

Bli inspirert til reisa di