Hopp til hovedinnhold

1. Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Dykk ned i kunstens verden på Sogn og Fjordane Kunstmuseum, som presenterar varierte kunstutstillingar frå både moderne og klassiske kunstnarar. Utforsk unike kreasjonar og la deg inspirere av regionens kunstneriske rikdom.

Fasade kunstmuseum
© Thomas Bickhardt / bickfoto

2. Huldefossen

Opplev naturens kraft ved Huldefossen, ein imponerende foss som heng som eit naturlig sceneteppe. Med eit imponerende fall på 92 meter er Huldefossen blant dei mest fotograferte fossane på Vestlandet. Ta turen til Mo for å vere vitne til den voldsomme vannkrafta om sommeren.

foss, bygg, refleksjoner, tre, skog
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

3. Sunnfjord Museum

Like ved Huldefossen finn du Sunnfjord Museum. Her kan du ta ei reise tilbake i tid og utforske museumet si mangfaldige samling av gardar og bygningar. Sunnfjord Museum ligg idyllisk til i flotte Movika. Her får du oppleve historien gjennom autentiske gjenstandar og levande utstillingar som gir innsikt i regionens rike kulturarv. I tillegg har området flotte turstiar, kiosk og museumsbutikk. Ei utflukt som passar for heile familien.

Gamle hus med gras på taket. Det er bjørketre rundt husa, og husa ligg nærme Eit vatn med fjella i bakgrunnen. Det er grønt gras rundt. Foto
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

4. Førdefestivalen

Delta på Førdefestivalen kvart år i juli, Skandinavias største internasjonale folkemusikkfestival. Dette er ei årleg feiring av musikk, dans og lokale kulturtradisjonar. Festivalen gir deg muligheten til å oppleve den rike kulturen og livlige atmosfæren i regionen.

Ellers i året byr Førde på eit variert kulturliv med arrangement for alle smakar. Byen har konsertar, teaterframsyningar, kunstutstillingar og festivalar som speglar både lokale tradisjonar og internasjonale impulsar. Førdehuset er ein viktig kulturarena, og gjennom året kan ein oppleve alt frå klassisk musikk til moderne scenekunst. I tillegg arrangerer lokale lag og organisasjonar aktivitetar som skapar liv og engasjement i byen, uansett årstid.

5. Førde: Byen mellom dei fem fjell

Alle byar med respekt for seg sjølv har eit byfjell, Førde har fem! Ta på deg turskoa og utforsk dei fem byfjella som omkransar Førde; Hafstadfjellet, Viefjellet, Førdsnipa, Halbrendsnipa og Eikåsnipa. Dette er flotte turar som gir deg løn for strevet med fantastisk utsikt over fjord, bre og fjell. 

Oversiktsbilde av Førde. Foto
© Visit FjordKysten

6. Shopping og matopplevingar

Mange reiser til Førde for å oppleve regionens største handelssenter mellom Ålesund og Bergen. Her finn du det beste shoppingutvalet i regionen, med to store kjøpesenter midt i bykjernen. Shopping-entusiastar kan nyte utforske eit variert utval av butikkar, her finn du alt du treng. Førde har også eit mangfaldig tilbod av restaurantar og kaféar for ein kvar smak.

ei dame står og ser utover til eit kjøpesenter frå eit anna kjøpesenter. bak kjøpesenterene er det ein topp med snø på
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

7. Førdehuset

Førdehuset er eit kulturhus med eit bredt spekter av aktivitetar å tilby, inkludert ein svømmehall med sklie, eit bibliotek, Førde kino og ein stor idrettshall. Enten du er interessert i ein avslappande dag med lesing, ein kinotur eller ein energisk svømmetur, gir Førdehuset deg fleire alternativ for å gjere dagen minneverdig, perfekt på ein regnvêrsdag!

8. Dagsturhytta i Førde: Gytta

Inviter heile familien til ein tur på Dagsturhytta i Førde. Etter ein bratt, men kort tur kan du sette deg ned med nistepakken og varm kakao mens du høyrer peisen knitre. Utforsk det varierte utvalet av bøker frå hyttebiblioteket og nyt den fantastiske utsikta over Førde by gjennom panoramavindauget, mens du lar dei små springe fritt og utforske området eller prøvar taudissene som heng frå trea. Dagsturhytta gir deg og familien ein avslappande pause midt i naturen.

9. Utsiktspunktet Vidsyn

Vidsyn er eit flott utsiktspunkt i Førde som byr på ein fantastisk panoramautsikt over fjord, fjell og dalar. Dette moderne utsiktspunktet er ikkje berre ein stad for naturopplevingar, men også ein kunstnarisk installasjon som forsterkar opplevinga av landskapet.

Installasjonen, laga av den anerkjende kunstnaren Jan Freuchen, er utforma som ein stor sirkel i betong, der ein kan setje seg ned og reflektere over naturen rundt. Med si unike utforming skapar Vidsyn ei oppleving der kunst og natur smeltar saman, og gjer det til ein ideell stad for både turistar og lokalbefolkning som vil nyte ro og inspirasjon.

ei dame står mellom ein kunstinstallasjon. bak installasjonen er det ein by. det er skygge i byen, medan det er sol på fjellet bak. det er snø på toppen av fjellet
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

10. Turløype rundt Bekkjavatnet

Like utanfor Førde kan du utforske den naturskjønne turløypa rundt Bekkjavatnet, ei 6 km lang rute med delvis tilrettelagte stiar i flatt terreng. Familievenleg og omgitt av nydeleg natur, inkluderar ruta Hunsrasta, eit friluftsområde som er tilrettelagt med badestrand, teltplass, bålplassar, bord, benkar, stor gapahuk, og toalett, alt for å gje deg ei komplett naturoppleving.

eit snødekt vatn med ein liten holme der det står 3 trær. rundt vatnet er det mange trær, og bak er eit høgt fjell med snø på
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Finn meir inspirasjon til ting å gjøre i Førde og omegn