Nyt ei unik oppleving på Vingarden på Jølst, der Vestavin-gründer Camilla Aasen er i full gang med å skape vestlandske råvarer om til moderne fruktvinar, og eit nedlagt småbruk om til ein unik fruktvingard.
I sommarsesongen er det faste omvisingar med smaking på Vingarden på Jølst der du får oppleve ein fruktvingard under oppbygging og får ein smak av kva som er mogleg å få til med vestlandske råvarer. Camilla tek deg imot og viser deg rundt på garden og i produksjonen, og deler av sin lidenskap for vestlandske smakar.
Ei omvising med smaking varer som oftast i 1,5 time og inkluderer fire smakeprøvar med små smakebitar til.
Ope gardsutsal.