Hopp til hovedinnhold

1. Elleville Åkrafjorden

I hjarta av Åkrafjorden ventar opplevingar som gir minner for livet. Via Ferrata Kyrkjeveggen byr på spenning for store og små, der du klatrar langs fjellveggen med spektakulær utsikt over fjorden. På Rullestad kan de utforske dei mystiske jettegrytene, forma av naturkreftene gjennom tusenvis av år. Etterpå ventar ro og hygge på Åkrafjordtunet, der de kan nyte lokalmat og med utsikt til fjorden. Her møtest adrenalin, natur og tradisjon i vakker harmoni.

2. Haustferie på sjøen

Ta familien med på ei unik oppleving i Fitjar. I haustferien held Engesund Visningssenter ope kvar vekedag frå kl 08:00 - 16:00 og laur- og søndag 09:00-16:00.

3. Dyrehage på Huglo

På Myrvold Gård kan heile familien helse på både tradisjonelle gardsdyr og spennande, eksotiske fuglar og reptilar. Her kjem de tett på dyra og kan teste kven som tør å helse på dei mest uvanlege skapningane!

Etterpå kan de slappe av i kafeen eller handle lokale produkt i gardsbutikken. Garden er open laurdag og sundag 12. og 13. oktober – perfekt for ein kjekk familiedag!

© Visit Sunnhordland av Henriette Lien

4. Lær og leik på Folgefonnsenteret

På Folgefonnsenteret i Rosendal kan heile familien utforska spanande tema som isbrear og livet i fjorden. Gjennom kjekke og interaktive utstillingar lærer ungane om naturen på Folgefonnhalvøya, medan dei vaksne kan få med seg interessante fakta om berekraft og ressursbruk. De kan også sjå flotte naturfilmar om fjordliv, geologi og dyra i området.

Kombiner besøket med ein tur innom Skipsbyggjarmuseet, der både små og store kan oppdaga historia om trebåtbygging i regionen. Dette er ein dag med leik, læring og naturopplevingar for heile familien!

5. Besøk ein symjehall

Om veret ikkje spelar på lag, kan heile familien kose seg i ein av Sunnhordland sine flotte symjehallar. Ta ein dukkert i Bømlo symjehall, symjehallen i Stord kulturhus, eller Austevollbadet. For dei vaksne som vil ha litt ekstra avslapping, ventar Vikjo Bad på Stord Hotell med ei herleg velværeavdeling. Her blir det bademoro uansett vær!

6. Ut mot havet til Ryvarden

Ta turen til Ryvarden Kulturfyr for ei stemningsfull natur- og kulturoppleving. Den lette turen ut til fyret passar for både store og små, og vel framme kan de kose dykk i galleriet og kafeen. Perfekt for ein dag der natur, historie og familietid møtast!

7. Haust på museet

Ta med familien til Sunnhordland Museum i haustferien for ein kjekk dag med historie og hygge. I museumskafeen kan de nyte lappar, kaffi, te og saft, medan de utforskar alt museet har å by på. Perfekt for store og små som vil oppleve fortida saman!

8. På tur i skog og mark - eller på fjellet!

I Sunnhordland finn ein mange flotte turar som passar for heile familien. Hausten er ei av dei flottaste tidene å gå i naturen, når naturen osar av flotte fargar. Finn din tur her.

Hytte som ligger ved vann, fjellandskap, blå himmel og sol.
© Cato Leganger

9. Ut & Et

Utforsk smakane av Sunnhordland med heile familien i haustferien! Her finn de flotte restaurantar som serverer alt frå fersk sjømat ved kysten til lokale råvarer frå gardane. Uansett kvar ferda går, ventar gode matopplevingar for store og små.

Her er tips til kor du finn gode måltid!

10. Unike overnattingar

Sunnhordland byr på unike overnattingsstader tett på naturen, enten du vil sovne til lyden av havet i ei stormhytte eller vakne opp blant trærene i ei tretopphytte. Her får du ei natt utanom det vanlege, anten du vil kjenne vinden frå kysten eller roen frå skogen. Perfekt for deg som søkjer naturopplevingar og minner for livet – ei natt du seint vil gløyme!

11. Utandørsbad

For deg som ønskjer total avslapping etter ein dag med aktivitetar, byr Sunnhordland på fleire unike velværeopplevingar. Opplev havspa i Bekkjarvik og nyt roen ved sjøen, eller varm deg i den stilfulle Sauna Stord med utsikt til Katnakken. I Fyrstova i Våge på Tysnes kan du kombinere sauna med utsyn mot fjell og vakre omgjevnader. Her finn du den perfekte balansen mellom natur og avslapping, og kan lade batteria før nye eventyr ventar.