Reis betre

Visit FjordKysten og Sunnfjord har ei heilskapleg tilnærming til gode opplevingar. Vi trur på naturen – og vi trur på folket!

Visit FjordKysten og Sunnfjord har fokus på å ivareta dei unike og reine naturressursane og skape opplevingar knytt til lokal kultur og nære verdiar. Som gjest er du ein viktig bidragsytar i vårt arbeid, og gjennom små og gode valg kan du gjere reisa di så skånsom som mogleg.

«Natur og kultur som gjer noko med deg »

Fjordkysten og Sunnfjord inviterar til imponerande natur- og kulturopplevingar med stor spennvidde.

Ditt fotavtrykk

Her finn du nyttig informasjon og rettleiing for å gjere reiseopplevinga di betre, tryggare og meir berekraftig.

Spor av ansvar og respekt

Som gjest er det viktig å respektere naturen, kulturen og lokalsamfunna du besøker. Ved å følge retningslinjene, kan du vere med på å ta vare på reisemålet vårt og bidra til ei positiv reiseoppleving for deg sjølv og andre.

Vi oppmodar deg til å ta del i denne ferda mot ei meir berekraftig framtid. Saman kan vi sikre at våre reisemål forblir vakre og attraktive for framtidige generasjonar.

Vegen til det gode friluftsliv

Allemannsretten gir oss rett til å utforske og nyte den praktfulle naturen vår, enten det er langs kysten, i skogane, ved elvene eller på fjelltoppane.

Med denne friheten kjem også eit ansvar. Vi oppfordrer alle til å vise respekt for privat eigedom, naturen og alle som ferdast der. Ikkje kast søppel i naturen, unngå å skade eller forstyrre dyreliv og plantar, samt respektere eventuelle restriksjoner på ferdsel i området.

Fjordløftet

Les meir om korleis du kan vere ein god gjest i regionen

Ferdsel i verneområde

Allemannsretten gjeld òg i verneområda. I nokre verneområde finst det spesielle reglar for ferdsel og andre aktivitetar. I Fjordkysten og Sunnfjord finn du Jostedalsbreen Nasjonalpark, Naustdal og Gjengedal landskapsvernområde og Ålfotbreen landskapsvernområde.

Les meir om Ferdsel i verneområde

Fiske og fangst

Fiske er ein populær aktivitet langs kysten og i dei mange elvane og innsjøane i området. Hugs å betale fiskeavgift og skaffe deg fiskekort før du begir deg ut på fiskeeventyret!

Betal fiskeavgift og rapporter fangst

Kjøp fiskekort

Les meir om Fritidsfiske og Turistfiske

Fugleliv

Fuglelivet langs kysten er rikt og variert. På våren kjem mange titalls millonar fuglar til Noreg for å bygge reir og legg egg. Ferdsel og friluftsliv kan skape press på viktige leveområder for fuglane. Vær oppmerksam og ta hensyn!

I sjøfuglreservatene er det ferdselforbod fra 15. april - 15.august.

Villreinområder

I Fjordkysten og Sunnfjord ligg 2 av Noregs 24 villreinområder. Førdefjella villreinområde ligg mellom Sunnfjord og Nordfjord i det som no heiter Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Sunnfjord villreinområde er Noregs vestlegaste, og består av et langstrakt og kystnært fjellområde på sørsida av Førdefjorden-Jølstravatnet. Gjer deg kjent med anbefalingane som gjeld før du legg turen til eit av desse områda: Villreinvettreglane

Bandtvang

I perioden 1. april – 20. august er det båndtvang for alle hundar.

Dronereglar

For å fly drone i Norge er det bestemte reglar du må følge.

Les meir om Dronereglar her.

Hjelp oss å gjere di reise endå betre

Vi inviterer deg hit, ikkje berre for å utforske, men kanskje mest av alt for å kjenne at du lever. Her er det rom for deg nær kultur og natur. Nær livet.

Finn ut mer

«Her kan alle finne sin veg»