1. Vandre på spektakulære Lihesten
Lihesten er eit berømt landemerke på kysten og er mest sannsynleg ein av dei mest fotograferte fjella i vår region. Fjellet har mange forskjellige stiar og du kan bruke fleire dagar på å utforske. Ein rundtur langs opp til populære Gygrekjeften tek ca. 5-6 timer tur/retur. Likar du å klatre litt, så går du Nipestien opp til Gygrekjeften. Høgaste punkt er Risnesnipa med 777 moh. Stiane kan vere krevjande, men utsikta på toppen er verdt alt strevet. Her er mange små, idylliske stader der du verkeleg kan oppleve fred og ro. Her er du garantert fjordutsikt!