Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart

Sognefjorden

Den lengste fjorden, Sognefjorden, ligg midt i Fjord Norge og strekkjer seg heilt inn til foten av nasjonalparkane Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen.

[object Object]
Børesteinen, Luster

Midt i hjarta av det norske fjordlandskapet og berre ein kort køyretur frå Oslo og Bergen ligg Sognefjorden. Reisevegen er kortare enn ein trur og det er mykje spanande å sjå på vegen!

Langs fjorden finn du blant anna; Høge fjelltoppar, Isblåe brear, Mektige fossar, Idylliske gardsbruk. Det spesielle med Sognefjorden er fjordbygdene. Ei fjordbygd er ein liten tettstad som ligg vakkert til ved den mektige Sognefjorden.

Sognefjorden byr på ein heilt unik bygde- og kulturrikdom. Ein tur langs Sognefjorden tek deg med på ei reise frå eventyr til eventyr der du opplev vill og vakker natur, idylliske fjordbygder, spennande aktivitetar og fjordnær overnatting.

Sognefjorden er den mest innhaldsrike fjorden med Flåmsbana, Jostedalsbreen, Jotunheimen, Rallarvegen, UNESCO Urnes stavkyrkje, Aurlandsdalen, UNESCO fjordcruise, guida breturar og dei vakraste og mest populære vandreturane i Norge finn du ved Sognefjorden.

Velkommen til Sognefjorden.



Meir detaljert reiseinformasjon og inspirasjon finner du på Sognefjordens offisielle nettside.

An icon of trees

Reiseinspirasjon

Sommaren gir deg klassiske fjordopplevingar. Om hausten er lufta klår og fjorden er kledd i haustdrakt - den beste tida for vandring og sykling. Hausten går over mot "Vinterfjorden" med det spesielle fjordlyset, guida toppturar, trugeturar, hundekøyring, gode skianlegg, langrenn, fjordpadling, RIB-safari, fjordcruise, Flåmsbana eller besøk i dei magiske blåisgrottene under breen. Så kjem våren med fruktblomstring og snø på toppane - kanskje den aller finaste årstiden å besøke Sognefjorden.

Sykkeltur til Anestølen, Sogndal,  Sognefjorden

Med sykkel rundt Sognefjorden

Nokre av dei finaste sykkelrutene i Norge ligg langs Sognefjorden med utsikt over fjord, bre og vakre fjell.

Vinter Fjord Cruise med Norway's best

Vinter ved Sognefjorden

Vinterfjorden tilbyr fjordopplevingar, dei magiske blåisgrotter under Nigardsbreen, trugeturar, fjordlyset, RIB og tur med hundeslede.

Med ski ved Sognefjorden

Med ski ved Sognefjorden

Sognefjorden byr på fantastisk toppturterreng for frikøyring frå fjelltopp til fjord. Den beste snøen - den beste utsikta

Les flere artikler om Sognefjorden

Aktivitetar ved Sognefjorden

Sognefjordlandskapet er fullt av kontrastar, og her ligg forholda tilrette for store naturopplevingar og forfriskande aktivitetar. Det er svært få plassar i verda du kan finne eit så stort utval aktivitetar innan eit så lite område! Enten du ønskjer å slappe av, eller søkjer fysiske utfordringar, så vil du finne passande aktivitetar der du kjem i nær kontakt med naturen. Dyktige guidar tek deg med på organiserte aktivitetar som er tilpassa folk i alle aldrar.

Sykkel - Rallarvegen

Sykkel - Rallarvegen

Rallarvegen er Norges mest anerkjente sykkelrute og er eit kulturhistorisk minnesmerke.

FjordSafari Extended

FjordSafari Extended

FjordSafari Extended - kom tett på naturen i Aurlandsfjorden og UNESCO lista Nærøyfjorden med erfarne guidar frå FjordSafari.

Brevandring på Nigardsbreen

Brevandring på Nigardsbreen

Bli med og utforsk blåisturane som Jostedalen Breførarlag tilbyr på Nigardsbreen. Delta på ei minneverdig turoppleving i ei verd av blåis og høge fjell.

Se alle aktiviteter i Sognefjorden

Fjordbygder ved Sognefjorden

Flåm

Flåm

Flåm er ein heilårsdestinasjon rik på aktivitetar og kulturelle skattar. Omkransa av stupbratte fjellsider, buldrande fossefall og tronge dalar er Flåm eit paradis for deg som søkjer naturopplevingar det ikkje finst makan til i heile verda.

Sogndal

Sogndal

Bygda Sogndal er kjent for Fjellsportfestivalen, fantastisk laussnø, fotball og produksjon av saft og syltetøy.

Årdal

Årdal

Årdal er «Porten til Jotunheimen» frå vest og her finn du den frodige Utladalen med Vettisfossen, tureventyr og aktivitetar for store og små.

Aurland

Aurland

Aurlandsvangen er ei koselig bygd og starten på Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet. Her finn du eit økologisk bakeri, fleire restauranter og moglegheiter for overnatting.

Undredal

Undredal

Velkomen til Undredal - midt i verdsarven. Undredal er ei lita bygd på fjordstrekninga mellom Flåm og Gudvangen, ein biltur på rundt 10 minuttar frå Flåm.

Solvorn-Gaupne

Solvorn-Gaupne

Gaupne er kommunesenteret i Luster med Lustrabadet og Gaupnetunet, medan i Solvorn kan du bu på Norges eldste hotell, Walaker Hotel.

Gudvangen

Gudvangen

Gudvangen er ei lita bygd innerst i den vakre Nærøyfjorden og er omkransa av høge mektige fjell og eit nydeleg fjordlandskap. Rett ut frå Gudvangen ser man utover fjorden som har blitt kåra av fleire utanlandske media "Verdas vakraste og mest spektakulære fjord, UNESCO Nærøyfjorden".

Leikanger

Leikanger

Leikanger kommune ligg mellom fjord og fjell i hjartet av Sognefjorden. Kommunen grensar mot Balestrand i vest og Sogndal i aust.

Vik

Vik

Vik har eit rik kulturliv, med flotte Hopperstad Stavkyrkje, Hove steinkyrkje, og Vikøyri - Historisk strandsitjarstad. Vik er også ei sporty bygd, med skiskyting, fotball og motbakkeløp.

Skjolden

Skjolden

Inst i verdas lengste fjord Sognefjorden, omkransa av stupbratte fjell med spektakulære fossefall, og med Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen like i nærleiken, finn du Skjolden

Fjærland

Fjærland

Bygda ligg ved Sognefjorden og har Jostedalsbreen, den største breen på det europeiske kontinent, som næraste nabo. Fjærland har 300 fastbuande, og høyrer til Sogndal kommune. Mundal er sentrum i Fjærland og ligg om lag 3 km frå riksvegen.

Jostedal

Jostedal

I Jostedalen kan du bu tett på isbre, vandrarturer og elveaktivitet for heile familien!

Lærdal

Lærdal

Lærdal er ein av fire reisemål i Noreg som har oppnådd Merke som berekraftig reisemål som syner eit lokalt engasjement i eit langt perspektiv.

Balestrand

Balestrand

Balestrand er kunstnarbygda langs Sognefjorden med ei lang kunstnerisk historie og fleire kulturelle skattar. Her finn du den engelske kyrkja, St.Olavs kyrke, det historiske hotellet Kviknes Hotel, Norsk reiselivsmuseum og eit akvarium.

Høyanger

Høyanger

Høyanger er delt i to av den majestetiske Sognefjorden - omkransa av vakre fjell og blanke fjordar! Variert og mangfaldige med bygder tufta på ulik historie. Mykje å gjere aleine eller saman med andre.

Se alle attraksjoner i Sognefjorden

Sov godt og et godt ved Sognefjorden

Reis langsamt og ta deg tid. Smak på skattane frå fjorden, frå elvane, frå fjellvatna og skogen.

Kviknes Hotel

Kviknes Hotel

Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i Noreg.

Ramnereiret, Kaupanger

Ramnereiret, Kaupanger

Unik overnattingsplass i Ramnereiret på Kaupanger som har sin inspirasjon frå Stavkyrkjer. Legg merke til alle detaljer på hytta og innredningen.

Walaker Hotell

Walaker Hotell

Velkomen til Walaker Hotell, eit av Noregs mest særprega hotell.

Alle overnattingssteder i Sognefjorden

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

#visitsognefjord

Følg Visit Sognefjord

  • Facebook

    VisitSognefjord

  • Instagram

    /visitsognefjord

  • YouTube

    Visit Sognefjord Norway

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement