Hopp til hovedinnhold

Velkommen til Sunnhordland!

Fjord, fjell, hav, øyar, isbre, lokalmat, historie, baroni, festivalar, vikingtid, toppturar, sykling, kajakk – dette er berre noko av det du kan oppleve i Sunnhordland.

I Sunnhordland kan du nemleg gå på ski i evig snø, bada i sjøen, fiska aure i elva og sei på fjorden – på ein dag! Du kan nyte mat av førsteklasses kvalitet og få med deg ei natur- eller kulturoppleving som set spor.

Her kan du roa ned frå stresset i kvardagen. Du kan samla ny energi ved å nyta vakker havutsikt, eller få opp pulsen på tur til ein av dei mange fjelltoppane regionen har å by på.

Sunnhordland er også eit eldorado for båtfolket og deg som likar å fiske. Fleire av gjestehamnene har gått av med seier i kåringa «Norges beste gjestehamn». Er du heldig finn du deg di eiga øy!

Det er lett å reise både til og rundt i Sunnhordland. Her kan du lese om korleis.

An icon of trees

Finn roen eller få opp pulsen – utforsk Sunnhordland

La deg inspirere av Sunnhordland og set saman ferieturen du ønskjer deg. Vinter, vår, sommar eller haust – kvar årstid byr på fantastiske moglegheiter.

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

#visitsunnhordland

Følg oss og få inspirasjon til ditt opphald i Sunnhordland!

  • Facebook

    Facebook: Visit Sunnhordland

  • Instagram

    Instagram: Visit Sunnhordland